Nyheter

Ost frå Alpane blir ysta på Lesja

Maria (30) lærde oppskrifta som seterbudeie

Ein ekte fjellost, inspirert av seterbruka i Alpane, er sett i produksjon på Avdem Gardsysteri på Lesja. Dei første butikkane får den i hyllene til jul.

Av Vidar Heitkøtter
vidar.heitkoetter@gd.no
Mobil 911 63 733

LESJA: Det er Maria Ballhaus(30) som har oppskrifta, og teknikken som skal til for å lukkast med den velsmakande, kittmodna osten. For familiebedrifta på Lesja er dette starten på ei langsiktig og spanande nyskaping.

Får ikkje produsert nok

– Vi har hatt kontakt med Maria i mange år. Ho har vore budeie i Alpane i fleire somrar. Ho har brei erfaring frå fleire ysteri, og no som ho står på tur til å ta over eit tysk meieri, måtte vi nytte høvet til å få henne til Lesja, fortel Åse og Sigurd på Avdem Gardsysteri. Dei har ikkje bestemt seg for namnet på den nye fjellosten som er sett i prøveproduksjon. Frå før har dei Fjelldronning, som er blitt Avdems varemerke, og det produktet som sel best. I dag er produksjonen av Fjelldronning oppe i fire tonn i året, og meieriet har ikkje kapasitet til å dekkje den aukande etterspurnaden.

Auka produksjon

– På sikt håpar vi at den nye osten skal gjera det mogleg å utnytte produksjonsutstyret betre. På den måten kan vi og auke produksjonen, håpar gardbrukarparet, som har hatt stor suksess med sitt gardsmeieri.

Den tradisjonsrike alpeosten skal lagrast lenger enn variantane «Fjelldronning» og «Mor Åse». Avdem vil prøvesmake til sommaren for å kontrollere at prosessen går i riktig retning. Men det er ikkje før om eit år det endelege produktet blir ferdig.

Rikare i smaken

– Butikkar og restaurantar ynskjer ostar som er enda rikare, og meir spanande i smaken. Når den nye alpeosten samstundes gjer det mogleg å få større mjølkemengde gjennom ysteriet, er det freistande å prøve den oppskrifta og teknikken som Maria Ballhaus kan læra oss. – I Alpane utnyttar dei fjellgras og grovfôr som oss. Nå står det att å finne det gode namnet på vår fjellost, seier Åse Haugstad Avdem. Det er god plass til osten på det nye modningslageret, og det er i desse lokala den optimale smaken skal arbeidast fram for hand i månadane som kjem.

Skrubba i saltvatn

– Lang lagringstid betyr mykje arbeid. Kvar dag den første månaden skal vi skrubbe osten i saltvatn. Denne veka vil vi kome godt i gang med prøveproduksjonen, og er vi dyktige og påpasselege som kurslærar Maria, skal vi ha den gode alpeosten ferdig til jul, fortel familien Avdem på Lesja.

NYSATSING: Maria Ballhaus kjem frå Alpane med oppskrifta til den nye fjellosten som Åse og Sigurd på Avdem Gardsysteri på Lesja set i produksjon. Begge foto: Vidar Heitkøtter

KURS: På ystekurs. Grethe Myhren (t.v.), Lea Wojziscke, Sofia Maria Bang Elm og kjæresten Hans Haugstad Avdem, Åse Haugstad, Sigurd Avdem og Maria Ballhaus.

Legg igjen et svar