Skip to main content
Avdem Gardsysteri
Menu
  • Om oss
    • Livet på garden og setra
    • Kompetanse
    • Ysteriet
  • Produkt
  • I handel hos
  • Avdemsbue
  • Oppskrifter
  • Kontakt
  • English version
    Avdem Gardsysteri
    Close Search
     

    Ny smak av tradisjon

    Utgangspunktet for denne store satsinga på lokal mjølke-foredling var todelt. Både eit ønske om å ta vare på dei rike tradisjonane i mjølkeforedling frå det gamle seterlivet, og eit ønske om å utvikle garden basert på lokale ressursar.

    Vidareføring av tradisjon
    Kunnskap frå dei gamle budeiene om tradisjonsprodukta kjuke (pultost), rømme og smør og koking av gubb, prim og brunost, var utgangspunktet. Budeier frå både Lesja og Dovre har vorte rådspurt, jfr. semesteroppgåva om surmjølksostar som Åse skreiv i samband med fullføring av Matkulturstudiet (Vestnorsk Kulturakademi / Universitetet i Bergen, 2003-2004). Det var også ei stor glede for oss at siste budeia på Avdemssetra, Ruth Jørstad, kunne stå for den formelle opninga av ysteriet her i 2005. Både ho og ei anna erfaren budeie, Ragnhild Lillejordet, var med på ein av dei fyrste produksjonane av Gubb i det nye anlegget.

    Askeladdar i verda
    Både Åse og Sigurd har gjennomført modulkurs i “Lokal foredling og omsetning med vekt på mjølk” ved Kompetansenavet Vest v/ Sogn Jord- og Hagebrukskule i samarbeid med Norsk Gardsost. Med 12 års erfaring har det blitt fleire ystekurs både hos oss sjølve i eige ysteri, innanlands og studieturar utanlands. Særleg har vi henta inspirasjon frå Frankrike og Sveits. Vi har vore delaktige i utviklingsretta prosessar og eit eventyr som enda ikkje er ute. På denne måten kombinerer vi det beste frå dei lokale tradisjonane med kunnskap om småskala foredling av mjølk frå andre område i Europa.

    Åse Haugstad og Sigurd Avdem, Avdem Gardsysteri-gründere

    huldreost-avdem

    merkelapper-med-avdem-logo

    prim-avdem


    Tilbake til om oss

    Avdem Gardsysteri AS

    Avdemsvegen 40
    2665 Lesja
    Åse Haugstad: (+47) 477 57 573
    gardsysteri@avdem.no

    Avdemsbue

    Romsdalsvegen 1706
    2665 Lesja
    Telefon: 989 07 071
    Anna direkte: 951 83 026
    Org.nr 984083157
    avdemsbue@avdem.no

    Avstandar

    Oslo - Lesja: 36 mil
    Ålesund - Lesja: 20 mil
    Trondheim - Lesja: 21,5 mil
    Lesja - Avdem Gardsysteri: 4 km

    Besøk oss på

    black_instagram_icon-svgfacebook-2-64x64

    © 2026 Avdem Gardsysteri. Utvikling av Responsiv Media AS Responsiv Media

    Close Menu
    • Om oss
      • Livet på garden og setra
      • Kompetanse
      • Ysteriet
    • Produkt
    • I handel hos
    • Avdemsbue
    • Oppskrifter
    • Kontakt
    • English version