Avdem Gardsysteri leverer til daglegvare-handelen,
spesialbutikkar og restaurantar

Først og fremst sel vi varene frå vår eigen butikk, Avdemsbue, den gamle, kvite landhandelen som ligg kloss inntil vegen E136 på Lesja (200 m ovanfor ysteriet, 20 km vest for Dombås).

Som medeigar i Gudbrandsdalsmat SA, blir varene våre distribuert til bedriftskundar, dvs. spesialbutikkar, utvalde daglegvarebutikkar og spisestader over store delar av landet, fordi Gudbrandsdalsmat har distribusjonsavtale med Tine. Så i praksis kan alle som har leveransar frå Tine, få våre varer levert via Gudbrandsdalsmat.

For forsyning til daglegvarebutikkar i Oslo-området, samarbeider vi med TJ agentur AS, som har varer på bil og fyller opp hos mange Meny-butikkar og andre innan Norgesgruppa på det sentrale Austlandet. Våre varer er å få kjøpt i mange spesialbutikkar og daglegvarebutikkar i Gudbrandsdalen og i Innlandet, dvs. Oppland og Hedmark, samt i Osloområdet, og i enkelte butikkar elles i landet.