Eit samfunn i miniatyr

Avdem ligg i fjellbygda Lesja – øvst i Gudbrandsdalen, 600 m.o.h. Den opphavlege namneforma AbifahaimaR (den innbringande heimen) tyder på at garden er blant dei aller eldste i bygda, om lag like gammal som vår tidsrekning.

Sidan slutten av 1700-talet har garden vore i same slekta, og dagens brukarar er åttande generasjon.

Den gamle garden var eit samfunn i miniatyr, og talet på folk og fe varierte med “slekters gang” og med årsavlinga. Midt på 1800-talet budde ei tid 28 menneske på garden, og buskapen talde 27 kyr, 43 sauer, 15 geiter, 4 hestar og 2 grisar!

Det var kvinnene som mjølka kyrne, ysta ost og kinna smør, og om somrane skjedde dette viktige arbeidet på setra. På Avdemssetra var det vanleg seterdrift til 1954. Siste budeia var Ruth Jørstad (1922-2011), født Avdem, – tante Ruth.

Sist på 1800-talet vart det også stifta eit lokalt meieri her i grenda. Det var Siems Meieriforening, som selde smør til Kristiania og til og med eksporterte til England! Avdem Gardsysteri byggjer såleis på ein mangfaldig tradisjon.

Takk til alle budeiene som gjennom generasjonar har ysta ost og kinna smør i den norske fjellheimen!