Produkta våre
Produksjonen er allsidig og handtverksmessig – inspirert av lokal kultur og tradisjon. Vi ystar av upasteurisert mjølk, dvs. rå mjølk som ikkje er varmebehandla før vi startar ysteprosessen. Med dette tek vi vare på dei gode kvalitetane som er i mjølka, noko som er viktig for utvikling av smak og aroma i sluttproduktet. For oss gjer det ysteprosessen meir robust og interessant, og det er også viktig for å skilje seg ut frå industriproduksjon.