Oppskrifter

Her finn du nokre tips til korleis du kan bruke produkta våre
– ein miks av moderne og tradisjonelle rettar.

Fjelldronning bakt i omn

1 heil ost
2 tynne, lange bjørkekvister utan blad

Knyt bjørkekvister rundt osten for å støtte den opp.

Skjer av skorpen på toppen av osten. Steik i omnen på 160 grader i ca. 20 minutt.

La gjestene forsyne seg med skei, saman med salat og godt brød.

Brødet er godt å duppe i osten!

Betaost, salatost
– fetatype, på glas

120 gr ost, gjerne vår Betaost,
naturell i blokk
1 dl mild olivenolje
1 liten raudlauk i skiver
2 ss persille
Finrive stironskal, av 1 sitron
Karvekål

Del osten i bitar, legg den i oliven-olje med sitronskal, persille og grovmalt pepar. Legg osten i glas med oljeblanding, raudlauk, meir ost og olje og med karvekål på toppen.

Fjelldronning
med frukt- og nøtteblanding

2-3 ss honning, gjerne ein mild honning som
akasie
15 pistasjenøtter
15 valnøtter
5 tørka aprikos
10 tørka tranebær
2 ss rosiner

Varm forsiktig opp honning saman med nøtter og frukt. Bland godt og la det få romtemperatur, – og den er klar for servering til osten.

Pultost/kjuke på beta, flatbrød

Pultost, original Avdem-kjuke
Smør
Flatbrød (hardbrød på dialekt)

Smør på Avdem-smør, ha på godt med pultost/kjuke og legg lagvis så mange lag du vil!

Lune nypotetar med pultost/kjuke og Avdem-smør

8 små nypotetar
4 ss pultost, original Avdem-kjuke
1 ss finhakka graslauk
2 finstrimla reddikar
4 skiver smør

Del potetane i skiver og kok dei møre, gjerne med litt salt i potetvatnet. La dei dampe av seg.

Legg lagvis med kjuke, reddik og graslauk. Høvle over skiver av smør. Kvern over svart pepar og litt maldonsalt.

Panna cotta av Avdem-yoghurt

Kok opp:
2,5 dl mjølk
0,75 dl fløyte
225 gr sukker
2 vaniljestenger

Bland med:
1 liter yoghurt naturell.
7-8 plater gelantin (10 min. i kaldt vatn)

Viktig tips:
Set gelantinen med litt av vatnet frå blautlegginga i ein kjel på svak varme, og bland inn yoghurt og mjølkeblandinga i gelantinen – ikkje omvendt. Dette for å unngå klumper. Fordel i porsjonsbeger og avkjøl i kjøleskap, til puddingen har stivna. Server med god bærpuré/raud saus til.

Appetittost med kvitvin

Inspirert av fransk tradisjon: De la cancoillotte frå Jurafjella, Frankrike. Ein herleg rett, som kan brukast saman med annan mat, eller som ein sjølvstendig rett, introdusert for oss av vår franske venn og ystelærar, Eric Randu:

200-250 g Pultost, fortrinnsvis utan karve
50 g vatn
50 g kvitvin
50 g smør

Smelt ost saman med dei andre ingrediensane i ei gryte på svak varme. Om du ønskjer, kan du smakssetja retten med kvitlauk. Kjempegodt å eta med kokte potetar eller godt brød som tilbehør. Gjestane kan gjerne forsyne seg sjølve ved å dyppe brødet rett i gryta.

Rabbemat med Kvitkjuke

Ein gamal middagsrett basert på kokt kålrot (rabbe på dialekt), kokt i mjølkegrynssuppe. Vi lagar suppe av risgryn, kokt i mjølk. Skrell og del opp 1 stk. Kålrot i store bitar/halve skiver og kok med i mjølkegrynssuppa til rabbe-bitane er møre. Tilpass mengda med kålrot og suppe etter kor mange de er.

Ta ut rabbebitane og set dei fram på bordet, saman med smør og Kvitkjuke. Den enkelte lagar seg beta: av potetlefse eller mjukbrød (evt. flatbrød) med smør, kokt rabbe og Kvitkjuke.

Smak til suppa med litt salt og sukker før servering. Server suppa ved sidan av, og kos deg med å eta mat på beta – som var vanleg i tidlegare tider.

Toast med prim og jordbær

4 skiver loffbagett som blir steikt sprø i olje. Smør på primen medan toasten enda er varm – og server med jordbær, eller jordbærsyltetøy.

Kremost-kuler med spekeskinke

8 ss syrna kremost, Fjellfrisk naturell
16 tynne skiver spekeskinke
16 cherrytomatar
Tørka loff
Friske urter, gjerne persille, skal kjørast
i ei kjøkkenmaskin med litt salt
4 skiver brød
Halv bunt persille
Lita klype salt
½ fedd kvitlauk
½ ts sitronskal

Kjør tørka loff og friske urter i ei kjøkkenmaskin. Rull fine kuleri brød-/urteblandinga. Legg spekeskinke på tallerken med skiver av cherrytomat, ostekuler og frisk basilikum. Drypp over god olivenolje og god balsamicoeddik.

Bringebærgele med ostekrem av Fjellfrisk naturell

1,5 dl vatn
70 gr sukker
150 gr bringebær
2 plater gelantin

Legg gelantinen i kaldt vatn i ca. 10 minutt. Kok opp vatn, sukker og bringebær. Småkok i to minutt.

Sil av og tilset gelantinen, Fordel i glass / skåler og set det til avkjøling i kjøleskap til det har stivna.