Skip to main content
Avdem Gardsysteri
Menu
  • Om oss
    • Livet på garden og setra
    • Kompetanse
    • Ysteriet
  • Produkt
  • I handel hos
  • Avdemsbue
  • Oppskrifter
  • Kontakt
  • English version
    Avdem Gardsysteri
    Close Search
     

    Det moderne ysteriet

    – berekraftig produksjon

    Gardsysteriet har vore i drift sidan sommaren 2005. Produksjonen er basert på upasteurisert, fersk mjølk, som blir levert direkte frå fjøset til kvar ysting. Årleg foredlar vi nå mellom 110.000 – 115.000 liter mjølk, som blir til godt over 20 tonn ferdig vare. Verksemda har totalt ca. 6 årsverk, fordelt på gardsysteriet og Avdemsbue.

    Saftig beitegras og friskt høy
    Prosessen med å produsere ysteriprodukt av 1. klasse, startar ute på jordet. Berre foring av beste kvalitet kan brukast til mjølkekyrne som skal gi mjølk til ysting. Som i dei kjente osteområda i Frankrike og Sveits, er ein stor del av foringa på Avdem basert på godt, låvetørka høy. I sommarhalvåret er kyrne ute på beite, frå slutten av mai og ut september.

    Bioenergi
    Drifta er basert på grøn, fornybar energi. Eit eige flisfyringsanlegg leverer energi til all oppvarming av ysteribygningen, varmvatn og oppvarming av ystekaret. Flisfyringsanlegget leverer også varmvatn og varme til fjøset og dei andre husa på garden. I alt blir det produsert 250.000 kwh med grøn energi i året, frå lokalt trevirke.

    ’Nøysomhet er en dyd’, god ressursutnytting
    Noko av det som er så fasinerande med mjølkeforedling, er at vi får ulike produkt frå ulike delar av mjølka. Vi produserer derfor brunostprodukt av mysa frå kvitostproduksjon, og rømme & smør av fløyten frå pultostproduksjonen. Alle delar av mjølka blir brukt og teke vare på. Myse som ikkje blir innkokt, går attende til fjøset som dyrefor. Slik går så godt som ingenting til spille.

    Fra produksjonen i ysteriet


    Tilbake til om oss

    Avdem Gardsysteri AS

    Avdemsvegen 40
    2665 Lesja
    Åse Haugstad: (+47) 477 57 573
    gardsysteri@avdem.no

    Avdemsbue

    Romsdalsvegen 1706
    2665 Lesja
    Telefon: 989 07 071
    Anna direkte: 951 83 026
    Org.nr 984083157
    avdemsbue@avdem.no

    Avstandar

    Oslo - Lesja: 36 mil
    Ålesund - Lesja: 20 mil
    Trondheim - Lesja: 21,5 mil
    Lesja - Avdem Gardsysteri: 4 km

    Besøk oss på

    black_instagram_icon-svgfacebook-2-64x64

    © 2026 Avdem Gardsysteri. Utvikling av Responsiv Media AS Responsiv Media

    Close Menu
    • Om oss
      • Livet på garden og setra
      • Kompetanse
      • Ysteriet
    • Produkt
    • I handel hos
    • Avdemsbue
    • Oppskrifter
    • Kontakt
    • English version