Avdemsbue

Avdemsbue er ein landhandel opprinneleg frå 1878, medan dagens butikklokale er frå 1938. På Avdemsbue finn du alle produkta til Avdem Gardsysteri, i tillegg til ostar frå 12-20 andre norske ysteri. Ølhylla tel mellom 20-25 norske mikrobryggeri, i tillegg til at vi har spekemat, røkt fisk, kaffe, te, mjøl, saft og syltetøy med meir. Vi har også handlaga porselen frå Ment på Fåberg, fine gåver til deg sjølv eller andre. I tillegg serverer vi rykande ferske rømmevaflar, is, og kaffe.

Om å hoppe i det

– og la vegen bli til medan ein går

Det tok omtrent akkurat eit halvt år frå familierådet heime bestemte at vi skulle satse på butikk til Avdemsbue opna. Tilfeldigheitene ville ha det til at det passa; den gamle landhandelen vart ledig i mars, eg var ferdig på skulen i mai. Eg var gira på å begynne på noko nytt, noko eg ikkje hadde gjort før. Saman ville vi skape den utsalgsstaden norsk kvalitetsmat fortener. Storfamilien kom heim på dugnad og la ned ein viktig innsats for at vi skulle koma i mål. 4. juli 2015 opna vi, med godt over 200 frammøtte.

Eg skjønte raskt at butikken ikkje var ferdig. Vareutvalet i dag har mangedobla seg sidan opninga, og det har blitt gjort nokre grep som gjer det enklare å drive butikk. Likevel er det langt att, ja – sannsynlegvis kjem eg aldri fram. Ingen veit kvar dette ender, men heldigvis blir vegen til medan ein går.

Helsing

avdemsbue-stempel-01

Anna Haugstad Avdem, gründer og butikksjef
Kåra til Årets landlege spire i 2015

Nokre av våre leverandørar: